Illustrasjonsfoto.

Foto: Sissel M. Rasmussen

Stopp velferdsprofitørane!

Facebook  /   Twitter

Ein offentleg velferdsstat er nødvendig for å jamne ut forskjellar, gi alle like moglegheiter og sørge for økonomisk og sosial tryggleik. Det sikrar alle menneske fridom til å utfalde seg og delta i samfunnet. Dette er ein rett som skal gjelde for alle, og han skal ikkje overlatast til eit profittjagande marknadssystem der brukarar og tilsette risikerer å bli sett ut på anbod.

I dag tar selskap ut profitt av offentlege løyvingar som skal brukast til å drifte private velferdstenester. Dette har auka drastisk dei siste åra og skjer innanfor barnevern, barnehagar, sjukeheimar, sjukehus, høgskular og BPA (brukarstyrt personleg assistanse). Det finst inga oversikt over kor pengane hamnar, men det finst somme eksempel der ein flyttar på pengane for å skjule kor mykje profitt ein tar ut og at selskap fører pengane over til skatteparadis.

Dette er ei skremmande utvikling der vi får eit velferdssystem som ikkje handlar om å sikre innbyggjarane gode tenester, men berre fokuserer på å gi investorar og eigarar høgare avkasting. Offentlege utgifter skal gå til betre utstyr, fleire tilsette og høgare standard innan velferdsstaten.

Derfor krev Fagforbundet Ung at:

  • Det må gjerast ulovleg å ta ut profitt dersom ein mottar offentleg finansiering av velferdstenester. 
  • Velferd skal i all hovudsak vere det offentlege si oppgåve.
  • Stortinget må granske kor offentlege pengar til velferd hamnar.

Uttalelsene fra Landskonferansen for Fagforbundet Ung publiseres med forbehold om godkjenning i neste forbundsstyre.

Hva synes du?