Framtidas pensjon

Facebook  /   Twitter

Pensjonsspørsmålet er stort. Det er viktig for tilværa til den enkelte etter endt arbeidsliv, og det er ein stor utgiftspost på nasjonalbudsjettet. Derfor vart også pensjonsreforma sett i verk frå 2010. Reforma skal motivere arbeidstakarar til å stå lenger i arbeidslivet, då det i tillegg til auka levealder har blitt født færre born i Noreg frå 70-talet av. Kort oppsummert blir det færre aktive arbeidstakarar per pensjonist i framtida.

Framtidige pensjonistar, som i dag jobbar ufrivillig deltid, eller som av andre grunnar ikkje tener nok til å oppfylle krava i AFP-ordninga, vil møte ei magrare pensjonstilvere enn dei fortener. Derfor må også deltidsproblematikken og lavlønsproblematikken bli sett i samanheng med pensjonskampen.

Fagforbundet Ung meiner pensjonsreforma var eit viktig tiltak for å harmonere pensjonstilvera til framtidige pensjonistar i Noreg. Pensjonssystemet byggjer på at dagens yrkesaktive betalar for dagens pensjonistar, med færre arbeidstakarar per pensjonist i åra som kjem ville «byrda» av å bere pensjonsutgiftene i framtida blitt store for dei yrkesaktive.

Fagforbundet Ung meiner AFP-ordninga må ivaretakast. Som følgje av pensjonsreforma vil AFP-ordninga bli stadig viktigare. LO og NHO utgjer styringsgruppa som skal legge fram ei evaluering av ordninga innan 15. desember. Det blir her viktig å sørge for at personar som i dag ufrivillig mistar store summar som følgje av sjukdom eller oppseiing blir tatt vare på.

Mange arbeidstakarar har liten eller ingen kjennskap til korleis deira pensjon blir etter endt arbeidsliv. Fagforbundet Ung meiner derfor at pensjonsvilkår må kome tydeleg fram i arbeidsavtalar.

Uttalelsene fra Landskonferansen for Fagforbundet Ung publiseres med forbehold om godkjenning i neste forbundsstyre.

Hva synes du?