Til hovedinnhold

Ja til eigenandelsordning for tannbehandling!

Vi kan ikkje akseptere at det skal vere mogleg å sjå på smilet til folk kor mykje, eller lite pengar dei har på kontoen, skriv Hilde Langøen Oen i denne vekas hjartesak.

31.08.2020
Sist oppdatert: 31.08.2020

I dag er det mange som ikkje har råd til å gå til tannlege. For ungdom, studentar og andre som har lite pengar å rutte med blir det i mange tilfelle for dyrt å ta det besøket til tannlegen. Konsekvensen blir altfor ofte at ungdom vel å trekke tennene sine framfor å få dei behandla.

Les også: Statsbudsjettet: Dårlig dag for tannhelse, lærlinger og unge med redusert arbeidsevne

Det er ein situasjon som vi ikkje kan akseptere. I dag er unge mellom 20 og 30 år dei som er mest utsett for å droppe tannstellet på grunn av kostbar tannbehandling utan refusjon. Rotfylling av ei tann kan gjerne koste ein student halve månadsbudsjettet. Det er ikkje uvanleg å ende opp med ei skyhøg rekning frå tannlegen. Eg kjenner fleire unge som «må ta ein tur i banken» for å få utført nødvendig tannbehandling.

I mange andre europeiske land er kostnader knytt til tannbehandling likestilt med anna medisinsk behandling, men i Noreg er ikkje dette tilfelle. Sjølv om vi har ein sterk velferdsstat som sikrar at ein får dekka det meste når vi treng ei medisinsk behandling, så gjelder ikkje dette for tannbehandling.

Då blir konsekvensen at det er mange som ikkje har muligheita å ta vare på tennene. Ubehandla tannproblem kan føra til fleire uheldige konsekvensar som psykisk sjukdom, isolasjon, depresjon og utestenging frå arbeidsliv og sosiale arenaer. Samla sett fører dette til redusert livskvalitet og svekka helsetilstand.

Les også: – Dårlig munnhelse kan handle om liv og død

Tidlegare statsminister Einar Gerhardsen er blant anna kjent for å ha bygd opp velferdsstaten vår. Han sa: «Gjør din plikt, krev din rett». Det er eit godt prinsipp, men det kan ikkje vere sånn at ein gjer plikta si, men ikkje får ivareteke helsa si. Vi må utvide velferdsstaten og fordele godane meir. Vi kan ikkje akseptere at det skal vere mogleg å sjå på smilet til folk kor mykje, eller lite pengar dei har på kontoen.

Du skal ikkje ha «ei feit lommebok» eller vera avhengig av pengane til foreldra dine for å kunne ta vare på helsa di. Det er noko som fagrørsla alltid har kjempa for. Difor er det no på tide at også tannhelse kjem inn i eigenandelsordninga. Tenna er ein del av kroppen.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?