Det sentrale ungdomsutvalget møtte en tapper fagbevegelse med store utfordringer, under sitt besøk i Moskva i februar.

Foto: Dieter Karner

Tøffe tilstander i russisk fagbevegelse

Konsekvensane for engasjement er langt høgare i Russland. Heldigvis er våre kameratar i den russiske fagbevegelsen både dyktige og uredde.

Facebook  /   Twitter

23. februar reiste det sentrale ungdomsutvalet til Russland for å delta på møter knytt til den bilaterale samarbeidsavtalen Fagforbundet har med vårt russiske søsterforbund ALSWU. Møta mellom ungdomsutvala i dei to forbunda var starten på eit prosjekt som søker å fremma rekruttering av unge medlemmer og tillitsvalte, samt å løysa organisatoriske utfordringar, ved å utveksla erfaringar og strategiar ungdomsutvala i mellom.

Opphaldet i Moskva starta med ein obligatorisk sightseeingrunde der me til slutt enda opp ved den raude plass. Både dei gamle kuppelbefesta kyrkjene, sjølve raude plassen og ikkje minst Kreml ligg der slik me kjenner det frå utallige bilete, nyheitsreportasjar og James Bond-
filmar. Det er som om ein høyrer Hans-Wilhelm Steinfeldt i bakgrunnen, der me går og nyt synet av dei gamle kjente bygg. Ispedd historikk frå vår engasjerte guide var det ein flott start på opphaldet.

Les også: Dag for dag i Moskva.

Men opphaldet i Moskva hadde ein agenda, og på trass av ein by me kunne brukt dagevis på å oppdaga, var det møtet med unge russiske fagforeiningskameratar som var målet for turen, og også høgdepunktet. Møtets start gav oss ein indikasjon på nokre av forskjellane mellom russisk og norsk organisasjonskultur. Det var tydelig at den russiske forbundsledingas nærver var hemmande for den frie debatten ungdomsutvala i mellom. Dette skyltes i all hovudsak at ein dominant autoritetsfigur i same rom gjorde det vanskeleg for den russiske ungdommen å komme til
ordet.

Professor Berit Ås (som populariserte omgrepet ”hersketeknikk”) ville funne mykje godt stoff i samhandlinga mellom forbundsleiinga og ungdomsutvalet. Dette virka likevel ikkje som eit særtrekk bare ved fagforeininga, men heller kulturelle trekk ved heile det russiske samfunnet.

Men samtaleflyten lausna etter kvart opp. Me fikk i løpet av dei fyrste to møtedagane god anledning til å bli kjent med kvarandre og kvarandres forbund, blant anna utfordringar knytt til ungdomsarbeidet, men sjølvsagt også dei gode historiene.

Fagforbundets Ungdoms møte med vår russiske søsterorganisasjon ALSWU.

Fagforbundets Ungdoms møte med vår russiske søsterorganisasjon ALSWU.


Der Fagforbundet er svært aktive innanfor politikken, bruker ungdommen i ALSWU mykje tid på helsefremmande arbeid. På trass av at ungdommen i ALSWU var tydelige på at dei ikkje dreiv politisk arbeid, sjølv om dei kanskje skulle ønske det, er det inga tvil om at mange av dei sakene som opptok dei mest var saker som løysast gjennom politiske prosessar. Lønspolitikk, emigrasjon, sosial dumping, helse, arbeidsvilkår og utdanningsmuligheiter, er alle tema som opptok ungdommen. Sjølv om dei fleste trakk på skuldra når dei vart spurt om den politiske situasjonen i landet, var det få ting som opptok dei meir enn nettopp politikk.

Det verkar kanskje framand for oss i norsk fagbevegelse å ikkje skulle utala oss kritisk mot styresmakter når dette er naudsynt, og difor tok det også eit par dagar å fatta at situasjonen ungdommen i Russland arbeider under er ein heilt anna enn den er for me i Fagforbundet.

Dette vart tydelig da me var på omvisning i russisk LO sine lokalar, og fikk fortalt historia til russisk fagbevegelse. Dei gjekk frå å vere ein stor maktfaktor og samarbeidspartnar til styresmaktene under sovjettida, til å blir motarbeida i tida som fylgja etter jernteppet falt.

Muligheit til å ytre seg slik ein ønskjer er heller ikkje den same i Russland, som det me er vande med. Dette resulterer i ein fagbevegelse som må vere tilbakehalden med kritikk av styresmaktene, for ikkje å bli tappa for meir av si makt. Ein har sett eksemplar på at regimekritikk har blitt møtt skuldingar om korrupsjon, om blasfemi eller andre handlingar som kan ende med fengselsstraffer.

Eit hundretals journalistar er drepen i Russland sidan 1992, og grepet om media blir stadig sterkare. På grunn av dette kan ein ikkje seie at vårt forbund sitt politiske engasjement er direkte overførbart, ettersom konsekvensane for engasjementet vil vere langt høgare i land som Russland. Men våre kameratar i fagbevegelsen er dyktige og uredde tillitsvalte, som me ser me kan lære mykje av.

Frå det sentrale utvalet i Fagforbundet si side, ser me fram til eit fruktbart samarbeid med dei unge tillitsvalte frå vårt naboland. Me vart tatt imot som gamle vener, og me gler oss alt til å kunne gjengjelda gjestfriheita når prosjektet held fram med besøk til Noreg, ikkje alt for langt fram i tid.

Hva synes du?