Leder Paul Joakim Sandøy og resten av Unge Høyre har en rekke forslag om å kutte i den norske velferden.

Foto: Illustrasjon: Unge Høyre/Martine Grymyr

Unge Høgre bommar på solidaritet

Unge Høgre gikk høgt på banen og presenterte sin medisin for solidaritet mellom generasjonane i forkant av Høgres landsmøte.

Facebook  /   Twitter
Rune Eklund Breisnes er nestleder i Fagforbundet Ungdom.
Foto: Martine Grymyr

Eigendel ved dei første tre sjukefråværsdagane, sjukelønn på nivå med arbeidsløysetrygda, kutt i alderspensjonen frå folketrygda med ti prosent og auka pensjonsalder til 70 år.

Dei vil altså ha kutt i offentlege ytingar og at gamle, sjuke og unge under utdanning skal arbeide meir. Det Unge Høgre ikkje seier, er at oppgåvene til det offentlege ikkje forsvinn, men at rekninga betalast av arbeidstakarane. Unge Høgre sin medisin er eit bomskott.

Skattekutt ikkje bærekraftig

Debatten om korleis ein skal finansiera framtidas velferdssamfunn er viktig.

Vil ein lene seg på perspektivmeldinga så må ein ha med seg heile bilete, og ikkje utvalde tal. Perspektivmeldinga legg klart opp til ei stor auke i offentleg forbruk fram mot 2060, men auke i privat forbruk vil vere langt større.

Ifølge meldinga tre gangar større enn kva det er i dag. Da kan ein å spørje seg kva Unge Høgre eigentleg meiner når dei snakkar om bærekraft. For dei som ikkje er ideologisk blenda av tanken om at skattekutt alltid er løysinga, vil det vere naturleg å tenkja seg at ei skatteauke fram mot 2060 vil kunne løyse problema med velferdsstatens bærekraft som Unge Høgre skisserer.

Det vil også vere naturleg å spørje seg om ei tredobling av det private forbruket er i framtidige generasjonars interesse?

Karensdagar rammer skeivt

Unge Høgre er programforplikta til å finne løysingar som ikkje er knytt til fellesskapet. Dei ønskjer å skyve byrda over på enkelte deler av norske arbeidsliv. Karensdagar vil ramme arbeidstakarar som ikkje har høve til å ta med seg arbeidet heim. Dei som har oppmøteplikt og gjerne også har låge lønningar. Forslaga vitnar om ei mistru til arbeidsfolk, som arbeidstakarar i landet burde bli indignert over å få slengt i ansiktet.

No er det slik at om Noreg har eit relativt høgt sjukefråvær, så er me også eit av dei landa som har det mest inkluderande arbeidslivet. Menneske som i andre land ikkje ville vore i arbeid, har i Noreg ein plass i arbeidslivet. At sjukefråværet med det også blir høgare er ein pris me kan betale, utan å skape ein underklasse slik Unge Høgres forslag kan tenkast å ville gjere.

Ikkje solidaritet

Forslaga frå dei unge i Høgre har inga ting med solidaritet å gjere. Fagforbundet Ungdom veit at solidaritet betyr å løfte i flokk. Det betyr ikkje at den enkeltes velstandsvekst skal eta seg inn på andres kjensle av tryggleik i arbeidslivet. 

Hva synes du?