Ei innføring av skolepenger for utenlandske studenter vil på sikt kunne føre til skolepenger for alle.

Foto: Thisisbossi/Flickr

Første steg mot skulepengar

Når regjeringa opne for å innføre skulepenger for utanlandske studentar, tar det neppe lang tid før alle må betale for høgare utdanning.

Facebook  /   Twitter

 

Rune Eklund Breisnes, nestleder av Fagforbundet Ungdom
Rune Eklund Breisnes, nestleder av Fagforbundet Ungdom
Foto: Martine Grymyr

Regjeringas innføring av skulepengar vil vere svært dramatisk for studentar frå utanfor EØS-området og Sveits, men vil det nødvendigvis få dei store konsekvensane for norske studentar? Vil det i det heile rokke ved den norske ideen om gratis utdanning som eit av dei viktigaste tiltaka for sosial utjamning, enten det er snakk om grunnskule, vidaregåande eller høgare utdanning?

Les også: Bekrefter mulig kjempesmell for utenlandske studenter.

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen har gjentatte gongar gitt oss garantiar for at gratisprinsippet framleis skal vere gjeldane i det norske utdanningssystemet. Men statsrådens garantiar er verdt svært lite, så lenge det er garantiar som statsråden ikkje er i ein posisjon til å gi. Eit stort tal eksemplar frå Europa viser at der skulepengar for utanlandske studentar blir innført, føl skulepengar for landets unge like etter. Av dei europeiske landa som innførte skulepengar for utanlandske studentar på midten av 2000-talet, har no samtlige skulepengar for alle.

Les også: Det kan bli dyrere å studere.

Argumentasjonen om ein dominoeffekt som har blidt ført frå NSO, LO, Fagforbundet og andre som er opptatt av at utdanning i Noreg skal vere gratis og tilgjengelig for alle, har ikkje vore at skulepengar for utanlandske studentar i dag, bokstavelig talt betyr skulepengar for alle i morgon. Store omveltingar tar gjerne tid, og forslaget i statsbudsjett kan vere første steg på vegen bort frå gratisprinsippet.  Kunnskapsministeren må gjerne gi garantiar for si tid i regjering, men kva neste regjeringserklæring vil seie eller kva statsbudsjettet til ei eventuelt ny regjering i 2017 vil seie, er det for tidlig å gi garantiar om.

 

Innlegget sto første gang på trykk i Klassekampen 11.10.2014.

Hva synes du?

Dette er saken

I den borgerlige regjeringas forslag til statsbudsjett for 2015 legger de fram forslag om å åpne for at høgskoler og universiteter kan innføre studieavgift for studenter utenfor EØS og Sveits.

Forslaget kommer sammen med et budsjettkutt for skolene på 80,5 millioner.