Fagforbundet Ungdom krev openheit om TISA

Uttalelse fra Fagforbundets Landskonferanse for ungdom 2015.

Facebook  /   Twitter

Trade in Services Agreement (TISA) er ein handelsavtale som blir forhandla fram bak lukka dører mellom 52 land, deriblant Noreg. Forhandlingane omhandlar tenesteområder som mellom anna inkluderer helse, skuler, infrastruktur, bank, finans, tele og shipping.

Målet med avtalen er liberalisering og deregulering av handel med tenester. I praksis vil dette bety auka innslag av private i dei offentlege tenestene, og vanskar med å regulere sektorar som bank og finans. Fagforbundet er redd konsekvensane avtalen vil ha for våre medlemmer, og også i kor stor grad viktige samfunnsoppdrag  forsvinner frå folkevald kontroll.

Me er svært bekymra for manglande openheit rundt forhandlingane.

Innhaldet i forhandlingane er kjent på grunn av Wikileaks sine lekkasjar, og PSI (Public Service International) sine analysar. Det er eit stort demokratisk problem om avtalar som i stor grad vil påverke samfunnsretninga vert forhandla fram utan at dette er gjort tilstrekkeleg kjent for verken folk eller folkevald.

Den norske forhandlingsdelegasjonens mandat er også ukjent, noko som gjer det vanskelig å seie noko om regjeringas mål for å delta i TISA-forhandlingane.

Fagforbundet Ungdom krev:

  • Openheit om forhandlingane og forhandlingsmandatet.
  • Konsekvensutredning før ein avtale inngås, og at resultatet av denne gjerast kjent.
  • Ingen krav eller press for å konkurranseutsette offentlege tenester.
  • Ingen hindringar for å ta tilbake tenester til offentlig regi.

Arbeidsmiljølov, miljøkrav og forbrukarlovar kan ikkje definerast som handelshindre. 

 

For flere kommentarer:

- Christina Beck Jørgensen, leder i Fagforbundet Ungdom, tlf. 93 24 85 68
- Martine Grymyr, informasjonsrådgiver, tlf. 47 68 33 14

Last ned uttalelsen (DOCX: 31.4 kB)

Hva synes du?